Avtrykkskalkulator: Kva er klimaavtrykket av å bygge ei hytte?

Forprosjektet Grønn Vekst Hallingdal har fått utarbeidd ein kalkulator som viser korleis ulike materialval endrar klimaavtrykket ved bygging av ein fritidsbustad. Her kan du ved å velje ulike alternativ på ein enkel måte sjå korleis vala dine endrar klimaavtrykket.

Kvifor har vi laga dette rekneverktøyet?

Målet med kalkulatoren er å auke bevisstheiten og forståinga for klimagassutslepp relatert til produksjon av nye hytter. Det overordna målet er å redusere utsleppa. Med dette utgangspunktet har vi utvikla eit berekningsverktøy (ein kalkulator) som viser kva for material- og konstruksjonsval som gir lågast utslepp. 

For at kalkulatoren skal fungere best mogeleg har vi gjort visse forenklingar. Kalkulatoren har som mål å gjerne tydeleg forskjellane ved ulike val. Derfor er mykje av det som er likt, uansett hytte, halde utanfor kalkulasjonen. Døme på dette er material til tak, vindtetting, overflatebehandling osb.

Kvifor er dette viktig?

Klimagassutslepp frå bygg- og anleggssektoren utgjer bortimot ein femtedel av Norges utslepp. Dersom ein også legg til import av byggematerialar og dei utsleppa desse har skapt gjennom produksjon og transport utgjer denne sektoren ein fjerdedel (25 prosent) av norske utslepp (Asplan Viak, 2019).

Denne sektoren står i tillegg for 40 prosent av materialinnkjøpa i landet, og skapar 25 prosent av den totale avfallsmengda (Regjeringen, 2020). Hyttebygging er ein del av dette biletet, og det er derfor god grunn for å velje materialar og byggemåte med omhu. 

Relaterte artikler